Audeland publik
[search 0]
Lebih
Unduh Aplikasinya!
show episodes
 
Loading …
show series
 
Me er attende, det er sommar og faunaen lét seg freiste til å bli med på podkastinnspeling med Mariell og Jostein. Jostein meiner at Rapunzel – i fyrste del av Disney-filmen – lever eit meir eller mindre ideelt liv, og Mariell tek til å reflektere på korleis forventingane våre i 2016 til det å flytte heim matcha den realiteten me enda opp med å lev…
  continue reading
 
Me veit kor ofte menn tenkjer på Romarriket, men kor ofte tenkjer [gruppe xyz] på menneskeætti si rolle i universet? Og kva er det som ligg bak alt saman? I couldn’t help but wonder: Can you get to a future if your past is present?For ekstra-innhald, inkludert denne vekas episode av Øydelagt, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein …
  continue reading
 
Om kvifor Mariell har reaksjonstid på 2–16 veker for tidi; om eit oppussingsprosjekt som er i gang, om ganglaget er noko traust og saktmodig; om bransjar med berekraftig økonomi og inspirasjon, og det eventuelle tilhøvet mellom desse. Som Mariell sa, ved slutten av innspelingi: «Jostein – kva var dette, eigentleg?» Høyr sjølv!…
  continue reading
 
Godt nyttår! Me har mykje å snakke om – og lillebror er samd, reporting live frå fanget til Mariell. Har Mariell slutta heilt å feire ting? Og korleis er livet for den nye vaksenminoriteten i familien? Kan det verkeleg stemme at Jostein no er #trebarnsfar?For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell…
  continue reading
 
Kva ville du betalt for ein koffert full av Mariell og Jostein sine ting frå London, som ingen anar kva inneheld og ikkje har vore opna sidan 2016? Dette, og fleire essensielle spørsmål, blir utforska i denne vekas avsnitt av Audeland, som òg kjem med siste nytt om flyttinga på tunet og ungane si nyvunne interesse for bossa-metal.For ekstra-innhald…
  continue reading
 
Kven er så denne Polly? Dette, og fleire pikante detaljar, som til dømes kva tjue år gamle Mariell og Jostein sin favorittaktivitet på franske hotellrom var, må du høyre på denne vekas Audeland for å finne ut!For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klyp…
  continue reading
 
Hei! Mariell og Jostein sjekkar inn frå bakeriet, og i dag har me bestemt oss for å prøve å snakke om krig og fred og norsk politikk og sånt. Ja, du las rett! Fort, gale og vonleg lenge til neste gong. Men me gjorde det! Me kjem òg innom kva bøker me nyt for tidi, både nye, gamle, papir og lydbok.For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjar…
  continue reading
 
Hei folkens! Mariell og Jostein diskuterer sommaren, og Jostein klarer som vanleg ikkje å gjera det på ein normal måte, utan at det på eitt eller anna vis handlar om menneskeheitis framhaldne eksistens i verdi. Korleis orkar nokon å vera gift, og til og med avle, med dette mennesket? Ingen veit!For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjarte…
  continue reading
 
Mariell og Jostein er attende for å sparke inn vidopne låvedører, slik berre me kan. Visste de at bedrifter har som mål å overleva? Eller at ein gard inneheld mange ulike typar liv? Eller at ti år gamle betrevitarar er irriterande? Du høyrde det her fyrst!For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell…
  continue reading
 
Våren spissar seg til, og di travlare me blir, di meir høgtflygande blir Jostein sitt tankespinn. Finn han fram til jordi nokon gong? Kva er eigentleg Mariell sin beef med Kulturrådet? Lytt til den nye episoden og finn ut!For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. O…
  continue reading
 
Hei! Me leverer ein sjeldan eittema-podcast i dag, når Jostein kjenner behovet for å tala ut om nokre nye kjensler han har fått for... roboten sin. Nei, dette er ikkje plottet til filmen «Her», det er det verkelege livet i 2023. Eller iallfall ein slags auto-generert variant av det verkelege livet. Me er ikkje sikre. Men me har kjensler kring emnet…
  continue reading
 
Hei, og velkomne til sjølvmotseiinganes land, der me feirar kviledagen ved å spela inn ein heil podcast om kviledagen og kvifor me må ta vare på kviledagen og ikkje til dømes spela inn podcastar på han! Mariell fortel om ei bok ho les, noko som igjen reiser det gamle spørsmålet: Har Jostein kapasitet til glede? Lytt, så får du høyre!For ekstra-innh…
  continue reading
 
Hei, alle saman! Mariell og Jostein diskuterer pet peeves, der Mariell i eit metaperspektiv definitivt kjem fram til at hennar store pet peeve, når alt kjem til alt. Me diskuterer òg AI, som Jostein endeleg har fått gjort til ein så stor og dominerande del av prokrastrineringi si som han har drøymt om i månadsvis. Denne veka er det òg ny ekstrapodd…
  continue reading
 
Velkomne til Audeland – på engelsk! Me har invitert med oss veninna vår Caitlin, til å bable med oss om London, livet og venskapen! Ho utfordrar oss òg til å gjera ein live-analyse av kva retning livet hennar bør ta, ein sjanse me sjølvsagt grip med båe hender, hobbypsykologiserarar som me er!Oleh Fredag & Fretland
  continue reading
 
Det er valentinsdag, det er vår femtiande podcast, og me er i alle slags romantiske humør på podcasten. NEIDA, berre kødda, me er akkurat like barnslege og kjeklete som me pleier, ja – kanskje litt verre enn vanleg, faktisk. Og kva er ein anti-gentleman, spør du? Lytt, og finn ut!For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland …
  continue reading
 
Velkomne til Audeland! Eg har ikkje tid til å skrive noko fornuftig her, for eg er sjå sjukt desp etter å få publisert episoden medan det framleis er denne veka og EG HAR BERRE FØRTIEITT MINUTT ATT, men me diskuterer kjensler om born og sjukdom, irsk litteratur og ... twist? Skjønar framleis ikkje kva som skjedde der, men sånn er det på ein fullste…
  continue reading
 
Mariell og Jostein er attende, og me får høyre kva som skjer når Jostein prøver seg på den mest irriterande catchphrasen i moderne norsk samlivshistorie. Me snakkar òg om behovet vårt for å kulturelt distansere oss frå foreldri våre, og kvifor det kan vera lurt å ikkje berre akseptere at ein ikkje klarer noko no, sjølv om ein ikkje klarte det før. …
  continue reading
 
Glad med heile meg? Det må vera forbipasserande! Mariell & Jostein diskuterer dei heilage nynorskinstitusjonane og kvifor det kan vera viktig av og til å få stadfesting utanfrå på at du ikkje er fullstendig delusional om kva du kan. I tillegg snakkar me om Osjlo, og ikkje minst forholdet vårt til shopping og ting, som verkar til å vera ... i endrin…
  continue reading
 
Velkomne attende til Audeland! Me har hatt ein lengre pause, men er tilbake, med friske innsikter, nye og forbetra problem og sjølvsagt masse tull og tv å snakke om. Og NY COVER ART! Er me ikkje søte? Sei at me er søte då!For ekstra-innhald, fylg Mariell på http://patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fret…
  continue reading
 
Me snakkar om Nøtteknekkaren, og før de faktasjekkarane tek til å skrive inn: Nei, Tsjaikovskij døydde ikkje av blodforgifting, han drakk skite vatn, så han døydde av kolera. Teit uansett! Utanom kunstferdige måtar å drepa seg på, snakkar me om Eurovision-finalen, å laga mat til og med ungar og filmprosjektet vårt, der me denne veke har sett heile …
  continue reading
 
Me er tilbake! Med sexy, forkjøla røyster, eit splitter nytt bakeri og eit heitt litterært talking point som Mariell clearly har gledd seg til å ta opp. På band. Eit skite triks? Kanskje, men i kjærleik og podcasting er alt lov. Velkomne inn!Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk:…
  continue reading
 
Mariell og Jostein tek føre seg dei individuelle historiene til bøker som fysiske objekt, den italienske melodi grand prix-ekvivalenten SanRemo og snublar inn i ein overraskande utfordrande samtale om korleis livet vårt kunne sett ut, om me budde ein annan stad. Kven sa at me ikkje tek dei vanskelege samtalane? Ikkje me iallfall!Ein podcast av Mari…
  continue reading
 
Foreldri til Jostein er borte, så ungane steller heime åleine, medan Mariell og Jostein spelar inn podkast. Kan dette gå bra? Sjølvfylgjeleg ikkje! Men innimellom avbroti får me diskutert ungars oppfatning av tid, kjendisdødsfall og tanken på å reise nokon stad igjen. Me prøvde òg å snakke oss gjennom dei siste tre bøkene Mariell har lese, nemleg «…
  continue reading
 
Audeland er attende med ein nye episode, full av «vill spekulasjon og ugrunna meiningsytring» – Jostein sine ord, ikkje mine! Me diskuterer Kongehuset, den ljose sida av jantelova (?) og det nye prosjektet vårt for å få sett – minst – tolv filmar i 2022! Den fyrste me har sett er «A Bigger Splash», av Luca Guadagnino, med Ralph Fiennes i ei ganske …
  continue reading
 
Godt nyttår! Mariell og Jostein tek ein pause frå bakeriførebuingane, for å finne ut kva for éi av dei mange bøkene Mariell har lese nyleg som skal bli Jostein si neste post-reformatoriske leseoppleving. Me får høyre om bøker av mellom andre Johanna Lockwood, Monica Isakstuen, Sally Rooney, Ingvild Rishøi, Marit Eikemo, Haruki Murakami og St. Augus…
  continue reading
 
I Audeland vågar me som vanleg å ta debatten, med modige Fritt Ord-fiskande diskusjonsspørsmål som: Oppdreg me små kapitalistar? Korleis veit du om du har valt rett namn på ungane dine? Kva skal ein baka til jul i år? For dette og mykje meir – primært om Mozell – lytt til Audeland i dag, på di podcast-plattform. Viss di podcast-plattform er Apple e…
  continue reading
 
Mariell og Jostein obduserer julebordsopplevingi frå kvelden før, skryter av den nye vindaugspussaren sin og drøfter i detalj Mariell sin klesstil – kva han uttrykkjer og korleis han blir som han blir. Dei har òg sett 2 – to – julefilmar! Og hugsar nesten kva dei heiter! Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostei…
  continue reading
 
Det er fyrste søndag i advent, og Mariell og Jostein er gira, iallfall på visse aspekt av det. Jostein har skrive nytt adventsvers, som han urframfører på podden, med fyrstikklydeffektar og bakgrunnsmusikk som seg hør og bør. Og apropos julemusikk, kva for av dei tre julemusikkpersontypane er du? Jostein kjem med brennheit, spekulativ musikkantropo…
  continue reading
 
Audeland er tilbake, og vår elskede ven Fredrik er med oss live i stovestudioet og kjem med den informasjonen me alle lurer på: Korleis ville eit besøk hjå Mariell og Jostein ranka, dersom me var eit motell? Me får eit gjenhøyr med vår fortid som musikalskaparar, og ikkje minst blir det lyst ut ein caption-konkurranse for den som best kan setja ord…
  continue reading
 
Mariell og Jostein diskuterer om det verkeleg er tid for å steget bort ifrå Facebooks korporerte klør, eller om det blir med snakket – denne gongen òg. Dessutan drøfter me utfordringar i handelslivet og Jostein sin mindre enn konstruktive måte å ta vare på seg sjølv på.Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein …
  continue reading
 
Mariell og Jostein rekk akkurat å spela inn ein podcast før dei skal reise, både fordi Mariell har eit bryllaupsoppdrag og fordi ungane eksplisitt har bedt dei om å koma seg i veg, slik at helgelukka med bestemor og bestefar kan begynne. Me diskuterer framtida og ler av at Jostein sine visualiseringsevner ikkje er ... all that.Ein podcast av Mariel…
  continue reading
 
Jostein er svært irriterande for tidi, som utløyser akutt trass i Mariell. Me diskuterer nyheiter og hytteliv og blir avbrotne av ein liten matte-entusiast som har fått lov å prøve sitt livs fyrste mobil-"spel".Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fivrel (the drawing board…
  continue reading
 
Mariell og Jostein snakkar pandemislutt, projektor og professorar i høghalsa genserar med halskjede utanpå. Kvifor føler Mariell så mykje meir enn Jostein om at det blir slutt på tiltaki? Og kor fjernsynsavhengig er eigentleg Jostein?Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fi…
  continue reading
 
Mariell og Jostein har vore på familietur til Lesja og debutert som virtuelle bryllaupsgjester, der dei måtte observere sin eigen tale bli spela av framfor publikum. Og ikkje minst: Mariell deler sitt beste triks for å få festus på hestesko-bana!Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: …
  continue reading
 
Mariell og Jostein har vore på vinsmaking i Kandal og drøfter dei korrekte rammene for sosial omgang. Mariel har fullført barnebokmanuset sitt, og me har blitt hekta på ein ny serie med den merkelegaste skodespelarkombinasjonen me har sett.Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Mu…
  continue reading
 
// OBS: Episoden har ein del bakgrunnsstøy // Me er attende; me er i bil, me har sovande born i baksetet, me har ein mikrofon fastspent i midtkonsollen, og me har CSI-style støyfjernings-software («Can you enhance the audio?»)! Me har òg ein full gjennomgang av Jostein sitt nye verktøy for å overleva kvardagen, i tillegg til at du får høyre den san…
  continue reading
 
Loading …

Panduan Referensi Cepat