Å forske på skuleutvikling: School-in
Manage episode 329083428 series 3294088
I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Jorunn Midtsundstad og førsteamanuensis Inger Marie Dalahefte, som begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk. Dei har saman med kollegaer på UiA og fleire kommunar på Agder gjennomført eit stort NFR-finansiert prosjekt om utvikling av skulens inkluderande fellesskap, kalla «School-in». Kvifor verkar dei same tiltaka ulikt i ulike skuler? Kva roller spelar lokalmiljøet for skulen som fellesskap? Og korleis kan forskarar og praksisfeltet arbeide saman om forsking på skuleutvikling?
8 episode